Tenk om det eigentleg var so
At det sku gå an å berre vera
Menneskelege menneske
Med den einaste guddommelege
Han vart’kje menneske
So vi sku bera meisterleg maske og snakka sæle ord
Søndagar
Han vart menneske
So vi sku vera menneskelege og snakka ord vi sjøl bur i
Kvar dag
Då må berre bøna koma frå grøfta
Eller lovsangar skrikast ifrå mørkaste redsla
Kvar kvardag er då heilag vanleg
Med Gud i det menneskelege
I fridom dei søndagsæle aldri fattar, fangar eller rår med


Legg igjen en kommentar