Du må vera kvar dag

Du må vera kvar dag

Aksle børa som krev deg

Bera dine staur av dårlege valg

Trakka småsteinane i skoa frå feilstega du sette


Du må vera kvar dag

Møta opp i ditt eige liv

Retta ryggen so rak du berre makta

Gjera panna hard mot tankane som sleggeslår motet ditt


Du må vera kvar dag

Velga leva, ikkje berre overleva

Romma deg sjøl i det rause

Lena sjela di mot nåden


Om dagen blir lengre enn du makta møta

Så legg deg ned i vona – og venta i den

Ja, våga vera der til livet sjøl finn deg og fer føta deg

Å du får vera kvar dag

Deg

Legg igjen en kommentar

Jeg er Roald

Velkommen til mitt hjørne av nettet. Her kan du få ta deg en pause… for å reflektere. Og jakte aktiv livshjelp sammen med meg.

Tenk større – Lev nærmere