Sommarfuglven

Når verda sine veggar

Dimmar mine draumar

Når dei ytre rammene

Gjer innsida mi lita

Når det heile myrkret

Pressar mot vona mi

Då spør eg deg, sommarfuglven

Fortel meg di historie

Ein gong til

Og igjen

Om koss ditt tronge rom

Var ditt gudgjevne føderom

For ei endelege endring

Til fritt rom

Til lysvakker von

Til dine farga vengeslag

Som endå dei er små

Ber makt i seg til å endra livsbana

Til dei største stormdraga jorda veit

Så stor er du

Og så stor var du då og i ditt tronge rom

Sommarfuglven

Eg vil vera som deg

Og i mitt myrkre

So er det slett ikkje sanninga

At eg er mistaket i mitt tronge rom

Nei, eg er i mitt eige gudgjevne føderom

For fridom

For framtidsvon

For å faldast ut med mine eigne fargar

Legg igjen en kommentar

Jeg er Roald

Velkommen til mitt hjørne av nettet. Her kan du få ta deg en pause… for å reflektere. Og jakte aktiv livshjelp sammen med meg.

Tenk større – Lev nærmere