-
Les videre →: Til sist
Langt løper løgnen raskt Sannhet strekker seg sakte Alltid lenger Til sist
-
Les videre →: Uten deira nådeskam
Tin du det fryktfrosne Bryt alt dette kaldtharde kring levande Varma venleg vrangvrengde vona So ho syng sine syner At der er då dagar att av dans Utan deira nådeskam
-
Les videre →: Tenk om det eigentlig var so
Tenk om det eigentleg var so At det sku gå an å berre vera Menneskelege menneske Med den einaste guddommelege Han vart’kje menneske So vi sku bera meisterleg maske og snakka sæle ord Søndagar Han vart menneske So vi sku vera menneskelege og snakka ord vi sjøl bur i Kvar…
-
Les videre →: Trua mi er for tirsdagar no
Trua mi er for tirsdagar no Mandagar er altfor håpefulle Søndag full av tømde ord i tynn luft Onsdagar veit verken fram eller tebake Trasig er torsdag, men den tåle meg – ja, deg med Fredagar er som tapt for tanken,- ja den draumen om ei kvardagsnær kyrkje på Meisterleg…
-
Les videre →: At du eig din veg
Om eg fer velja var eg havet for deg Ja, straumdraget som dreg, og driv deg Djupna som rommar ditt mørkre Stilla som speglar kvar ny morgon åt deg Den som lett tar pusten frå deg Utan å sløkkja stjerneglansen over deg Men sterkar det for deg At du eig…
-
Les videre →: Som trolla i lyset
Lang er stien du går til nær Kort er vegen du køyrer til fjern Høgt flyr du med vona Djupt stuper du med sorga Trua driv deg fram Tvilen bygger fartsdumpar Kjærleik gjev rom Trang er frykta Fred overgår all forstand Tankar kan likevel fengsla fridomen – fort, fast, frekt…
-
Les videre →: Sjølvsagt gjer eg det
Eg løfta ditt navn i høgda Men deg aleine i mitt låge Eg preikepeika perfekt under scenelysa Men kraup mot lyset i mitt mørke Eg stod rak for misjonen på skansane Men aldri så rett som med smadra maske Om ikkje eg sku banna deg når alt er lågt? Eller…
-
Les videre →: Krokut
Du vert ikkje rettare Opp retta Eller igjen opp retta Enn so korsreist du er Med Han som vart løfta høgt Over alt vårt låge Og krokute Innkrøkte Sjå opp til Han Ja, strål av glede Og du skal aldri meir raudna av skam
-
Les videre →: Men ljos nok
Eg heiv mine ord så høgt eg kunne Likesom snøret vart senka i djupt i djupet Med krok Og makk Å, om eg berre fekk fanga deg I ditt eige løfte Og trekka deg inntil meg I mitt mørker Du beit ikkje på Same ka eg la på av lovord…
-
Les videre →: Du må vera kvar dag
Du må vera kvar dag Aksle børa som krev deg Bera dine staur av dårlege valg Trakka småsteinane i skoa frå feilstega du sette Du må vera kvar dag Møta opp i ditt eige liv Retta ryggen so rak du berre makta Gjera panna hard mot tankane som sleggeslår motet…

